Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gjorde seg kjent på Talgø

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. mai 2018

Onsdag var Rindal Vaksenopplæring på tur til Todalen og besøk på Talgø MøreTres Elementfabrikk på Kvennset. På turen til Todalen tok dei først Svinvikrunden til fots, og var ikkje så reint lite imponert over dei gamle vegane oppover Kleiva.

Etterpå bar det til Talgø MøreTre, der John Moe tok i mot for å vise rundt og fortelje om kva dei driv med og korleis det er å jobbe på ei slik bedrift. John Fortalte at det var ein interessert og engasjert gjeng som stilte mange spørsmål om Todalen, fabrikken, produkta og folket. Deltakarane var frå Syria, eritrea og frå Kvite-Russland og deltek altså på opplæring på Vaksenopplæringa i Rindal.

Publisert: 2. mai 2018, 15:52