Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gjev pris til Talgø på Nordekmessa på Hamar

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. februar 2016

Etterjulsvinteren er travel messetid for byggvaresektoren. Denne veka har det vore Nordekmesse på Hamar der, Talgø har delteke i knivskarp konkurranse med mange aktørar i bransjen.  Etter kvart har denne gjengen vorte vant til å delta på prisutdelingar, og denne gongen gikk Talgø heilt til topps og fekk prisen for beste stand på Nordekmessa.  Nordek er ein viktig kunde for Talgø og det er ei flott annerkjenning å få ein slik pris, seier salssjef Brynjar Moe til Todalen.no

Nordek-kjeda består av kjedene XL Bygg, Hellvikhus og Blinkhus, og har tilsaman rundt 170 kjedemedlemar. På denne messa har Talgø hatt fokus på det nye PlusConseptet som består av småhus, multiboder og pergola.  – Vi har hatt veldig god respons på messa, og har store forventninger til produkta. Vi er sjølvsagt spent på korleis produkta blir mottekne som dei kjem i butikkane, seier Brynjar Moe.

Marketingsjef Heid Snekvik seier at ho er utruleg audmjuk og stolt over å hente heim nok ein pris i ei gullrekkje utan like det siste året. Det viktigaste er likevel resultata av det gode arbeidet som vi får betalt for ute i butikkane. Det skaper merksemd om Talgø og merkevara MøreRoyal, trykk  rundt uterom  som satsingsområde, og interesse rundt vedlikehaldsvennlege materialar og til slutt resultat på botnlinja som gir oss musklar til å fortsette veksten. Vi har teke prisar hos alle dei store byggevarekjedene og har nådd eit nivå på det vi driver med som både forpliktar og skaper forventningar framover. Og dei har vi tenkt å oppfylle, seier ho til slutt.

Bildeglimt frå Talgø sine utstillingar på Nordekmessa. Bilda er tekne før messa opna.   Alle foto: Talgø/Heid Snekvik

 

 

 

Publisert: 4. februar 2016, 23:31