Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julebordet i Ungdomshuset – snart siste frist for påmelding!!

Jon Olav Ørsal Sundag 10. november 2019

Todalen idrettslag og Todalen Grendalag inviterer alle sine sambygdinger til julebord i Todalen ungdomshus. Det skjer den 23. november kl 20.00, dermed er det klart at dei gjentek suksessen frå i fjor med lokal julebordsfeiring i Ungdomshuset.  Julebordet er ope for alle, og vi trur dette blir eit triveleg kalas, med mykje god julemat og god julestemning rundt borda i ungdomshuset, seier leiar i Todalen I.L. som presenter plakaten for Todalen.no.

I fjor var det nærast eit slags prøveår, og vi hausta mykje erfaring med å arrangere julebord med julemat for såpass mange gjestar. Det er ganske krevjande å lage og servere julemat til så mange, så derfor er vi glade for at vi får med oss Todalen Grendalag på dette arrangementet.  No håper vi at mange melder seg på, slik at v i får til eit skikkeleg bra julebordarrangement og klarer å skape julestemning rundt borda. Som arrangør har vi sjølvsagt ordna oss med «alle rettigheter» og vi trur ikkje du skal kome til å sakne noko.

Bindande påmelding
For å sikre at det blir nok mat og drikke må vi derfor ha bindande påmelding til julebordet seinast 13. november.  Det skjer til Nils Ove Bruset på epost: nils.ove.bruset@gmail.com, telefon 970 81 093 eller på Matkroken Todalen. Betaling ved inngangen på julebordet.

 

Først publisert: 10. november 2019, 05:00 - Sist oppdatert: 11. november 2019, 14:27