Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Give me 5 gav alt!

Give me 5 gav alt!

Elinor Bolme Torsdag 24. mars 2011

I kveld var alle 5. klassingane i kommunen samla i Storstua på Surnadal kulturhus med konserten Give me 5. Salen var fullsett, med ekstra sittepassar då pågangen vart retteleg stor. Give me 5 er eit kulturelt satsningsområde på andre året i kommunen, der 5. klassetrinnet samarbeider med ein kjendt artist.

 I år var det artisten Frode Alnæs som velvillig stilte opp. Han song både aleine og saman med heile gjengen. Og det til stor fornøyelse til dei frammøtte

Øvingane starta allereie i januar og entusiasmen i koret har vore stor undervegs, ikkje berre på det å syngja, men også det å bli kjendt med alle dei andre. Temaet undervegs i konserten gjenspeila og dette; nemleg det å væra venner og bry seg med andre rundt seg. Skikkeleg bra, og som med  konsertar i større stil, måtte dei naturleg nok ta eit lite ekstranummer.

I og med at Torstein Snekvik også er 5. klasssing i år, fall det seg heilt naturleg at hans MGP jr song Svikter aldri igjen også vart framført. Her i lag med Frode Alnæs og koret.

Ordførar Mons Otnes overrakte 2000 kroner frå Surnadal kommune til konfransier Ivar Bergheim som utover konserten forøvrig kom i storslag. Pengane skal 5. klassingane gi vidare til Redd Barna.

Todalen var naturlegvis også representert. Her er ein spent gjeng frå Todalen Oppvekstsenter før konsert start. Frå venstre Eirik Telstad, Oda Kårvatn, Emma Sæther,  Ola Bolme og Jens Olav Moe.

Alle foto, med varierende kvalitet: ElinorB

Publisert: 24. mars 2011, 23:00