Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Givargleda er på topp

Elinor Bolme Onsdag 25. september 2019

Med bortimot hundre gevinster fordelt på eit hovedbord, eit barnebord og eit dagens bord var det stor spenning blant dei frammøtte under gårsdagens basar i sanitetshuset. Mest spenning var det naturleg nok under trekninga av barnebordet der det var mange fine premier til dei yngste frammøtte. 

Årets forhåndssalg kom seg på nesten 16 000 kroner, og totalt kom det inn rundt 40 000 kroner.  som lokalforeninga brukar både på vedlikehald av eige hus, men ikkje minst på mange ulike tiltak både i og utanfor bygda av ymse slag. Alt frå for eksempel til ein enkel strikkekaffe, til å donere rundt 15000 kroner til forskning på kvinnehelse årleg.

Maren Ansnes, leiar i Todalen sanitetsforening takka dei frammøtte så mykje for at dei både kom og ikkje minst bidreg med både gevinstar og loddtaking i forbindelse med basaren.

Trekninglistene frå dei ulike borda: Trekningsliste basaren 24,9 2019

Under er eit lite bildegalleri frå kvelden. Alle foto ElinorB

Publisert: 25. september 2019, 02:26