Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Gir nok alt, i «Give me 5»

Gir nok alt, i «Give me 5»

Elinor Bolme Måndag 11. mars 2013

Onsdag den 13. mars kl 1900 er det for mange ein stor konsert i Storstua på Surnadal kulturhus. Der syng alle 5. klassingane i kommunen i kor saman med profesjonelle musikarar. I år er det Møremusikarane og Jo Inge Nes som er dei profesjonelle artistane.

GIVE ME 5 – prosjektet er eit kulturprosjekt der alle 5. trinnselevane i kommunen får oppleve å stå på scena i Storstuå saman med kjente artistar. Dette er eit positivt tiltak for elevane, skulane, heile familien og alle andre som er velkomne til å delta som publikum, skriv Surnadal kommune på si heimeside. www.surnadal.kommune.no.

Det er ennå att bilettar til den eine forestillinga på onsdag for dei som ønsker å sjå. Kjøp her!

Publisert: 11. mars 2013, 21:11