Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gaupa spaserte freidig forbi på asfalten

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. juli 2014

Agnete Øyen vart lettare sjokkert da ei gaupe kom spaserande etter asfalten forbi huset no i kveld. Ho sto i telefonen heime på Brustad da ho kika ut gjennom vinduet og fekk sjå gaupa som kom etter vegen. Gaupa stoppa og såg opp på Agnete, før ho forsette innover forbi Brusetbrua og innover i retning Lykkja før ho forsvann oppi skogen.

Gaupa innover vegen og runda nova til uthuset før den forsvann oppi skogen.   Foto: Jon Olav Ørsal

Katta var stiv av skrekk, fortalte Agnete. Den blir nok godt påpassa i dagane som kjem! Foto: Jon Olav Ørsal

Det var fleire som såg gaupa, som tok det heilt med ro og berre spaserte innover etter asfalten, fortel Agnete. Ho tykkjer det er litt utriveleg å ha eit rovdyr så tett innpå husa,  men ho ga ikkje utrykk for at ho var redd.

Vi har også hatt Gudmund Husby på tråden. Han var ute på trimtur saman med Ingrunn, og stod ved Lykkjegarasjen da gaupa kom og svinga rundt nova på uthuset på Brustad, og forsvann oppi skogen. Dette var ei oppleving for livet, seier Gudmund Husby til Todalen.no

Elles kjem det for dagen at det har vore gjort fleire gaupeobservasjonar rundt omkring i bygda, både i år og tidlegare. Kan nemne området ved Sandbakkan og Vestrum, så gaupa fer nok og snusar, skriv Ingvild Kårvatn i ein SMS til Todalen.no

Gaupa som Ola Halle fotograferte i åmrådet ved Hjellnessetra for eit par år sia.

Gaupa som Ola Halle fotograferte i åmrådet ved Hjellnessetra for eit par år sia. Foto: Ola Halle

Er det fleire som har sett gaupa, og kanskje nokon har klart å knipse eit bilete av ho, så vil vi meir enn gjerne kome i kontakt slik at vi kan legge ut eit bilete og meir informasjon. Liknande situasjonar har vi høyrt om tidlegare, men det er ei stund sia vi har høyrt om slikt no.

Først publisert: 17. juli 2014, 21:28 - Sist oppdatert: 18. juli 2014, 11:46