Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gastromat – elska og sakna, men er no på plass igjen!

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. februar 2020

No er krydderblanding Gastromat på plass i butikkane igjen. Det vart ramaskrik i fjor vinter da spesialmaskina som lagar den populære krydderblandinga havarerte.  Det viste seg at det tok mesta eit år å få laga ei ny maskin, og i mellomtida har hylleplassen stått tom for Gastromat i butikkane.

Gastromat – den populære blandinga med krydder, urter og salt er på plass igjen. Foto: Jon Olav Ørsal

No er dei populære boksane på plass igjen, og Matkroken kunne fylle opp hyllene torsdag ettermiddag, fortel Marit Tørset hos Matkroken Todalen. Så no kan alle som likar Gastromat, få den etterlengta krydderblanding på maten igjen.

Publisert: 13. februar 2020, 16:40