Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gammelvegen om Søyåbrua er stengt!

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. november 2016

Den private vegen frå Åsbøen til det gamle Melhuskrysset er stengt på grunn av flaumskade, melder grunneigar Jon Reidar Husby.  Det er mange som har bruka denne vegen som ein snarveg på tur til ferga, men flaumen i Søyåa natt til laurdag har gravd ut vegbanen mellom dei to bruene der, og vegen er difor heilt stengt på ubestemt tid.

På same måte som Toåa har det i natta løp vore flaum i Søyåa, og NVEs målestasjon som ligg rett ovafor brua har målt ein flaumtopp på 269 m3/sek fredag kveld i 22.30-tida. Det er no uvisst kva som skjer med vegen der, men det er klart at vegen blir stengt i lang tid framover, slik at det blir slett ingen snarveg i tida som kjem.

 

Publisert: 26. november 2016, 13:40