Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Gammelt frå Todalen

Gammelt frå Todalen

Jon Olav Ørsal Måndag 28. februar 2011

Todalen.no har kome over ein serie med gamle flyfoto frå Todalen. Dei gamle bileta har vi lagt ut som eit bildegalleri nedafor. Bilda er frå ei flyfotografering som er gjort i juli 1963, og det er litt interessant å sjå kor mykje som er forandra sidan den gongen. Det er både hus som er komne bort og komne til, og ikkje minst har det vorte mykje meir older- og krattskog kring oss.

Dei bileta vi har er små, og det er tildels låg oppløysing på dem, men det er likevel artig å sjå kva som har skjedd på 48 år. Vi har lagt til nokre kommentarar til bileta, men dersom det er noko som ikkje stemmer heilt er det berre å ta kontakt på vår e-post på «Kontakt oss».

Nedafor finn du bildegalleriet frå Todalen, med flyfoto frå 1963

Publisert: 28. februar 2011, 00:00