Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Gammelskulen som samlingslokale?

Gammelskulen som samlingslokale?

Ole Petter Talgø Laurdag 11. desember 2010

Laurdag ettermiddag hadde prosjektgruppa som arbeider for «Gammelskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter» åpen dag i gammelskulen, og det var innom eit tjuetalls personar for å diskutere og høyre kva huset eventuelt kan brukast til i framtida. Det blei servert nystekte bakels og kake, saman med kaffe og klementiner.

Det var mange forslag om bruken av huset, frå møtelokale og samlingsplass til museum, lokalhistorisk senter og utleigeleiligheter. Målet med møtet var å lodde stemninga blant bygdefolket om kor interessant det er å bruka lokala. Signala frå kommunen har vore at dei er positive til eit slik åpent hus for lag og organisasjonar.

Det blei vist fram rapport om husets stand og restaureringsbehov, som ikkje er så store som mange trur. Ein komite var satt opp som skal sjå vidare på moglegheitene, og korleis eit slikt prosjekt kan organiserast og finansierast. Du kan fortsatt komma med innspel og forslag til komiteen.

Først publisert: 11. desember 2010, 21:07 - Sist oppdatert: 13. desember 2011, 13:03