Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Gammelsetra i Gammelseterdalen

Gammelsetra i Gammelseterdalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. juni 2011

Jon Bruset har vore på tur til Gammelsetra i Gammelseterdalen. Han skriv:»Seterdrifta i Gammelseterdalen slutta truleg i 1911 (sjå Seterbok for Todalen). Slåtten på setervollen heldt fram til 1925 og i 1930-åra vart skjelet bruka som skogskoje. I dette svært frodige landskapet skjer det mye på hundre år, og i dag har skogen skjult det meste av spora. Lettast å finne er dei lange og høge steinutgardane. Nåvsteinar etter husa, og nokre råtne stokkar er enda synlege i skogen. Dette var nok ein fin støl før skogen tok over. Og Gammelseterdalen er kjent for uvanleg tidleg vår.

For den som vil besøke Gammelsetra er den grei å finne om ein går turistlina inn Gammelseterdalen like forbi Snekkarfossen. Her står skiltet som markerer grensa for Trollheimen landskapsvernområde. Eit par hundre meter opp lia frå skiltet ligg stølen.»

Bildegalleri frå turen til Gammelsetra i Gammelseterdalen.  Alle bilde: Jon Bruset

Publisert: 4. juni 2011, 10:00