Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Gamle teknikkar med hesjastreng

Gamle teknikkar med hesjastreng

Elinor Bolme Sundag 17. februar 2013

Laurdag var eit knippe damer samla på Nordmøre museum, Åsen for å delta på kurs i bruk av hesjastreng og blomstertråd slik som tatrane dreiv det før i tida. Kurshaldar var utflytta surnadaling Gunda Marie Næss, som no livnærer seg på resirkulering av det alle andre ikkje vil ha. Ho er nemleg å finna på bruktbutikken på Stjørdal gjenbrukstorg, Bruktbo AS. For dei som kanskje kjenner til Gunda Marie frå før, veit nemleg at hos henne har kreativiteten ingen grenser. Ho kan kunsten å trylle det mest fantastiske ut av ingen verdens ting. Derfor har ho i mange år vore oppfordra til å halde kurs i ulike ting, for å lære bort sine triks og ikkje minst inspirere andre.

Dei frammøtte kursdeltakarane fekk ei innføring i korleis ein forvandlar hesjastreng og blomstertråd til dei søtaste små opphengskrokar, elegante lysestakar eller eit praktisk kjeleunderlag. Og etterkvart som timane gjekk, vart det rimeleg klart at hesjastreng mellom Surnadal og Todalen no ligg tynt ann. Maja Frønes som var pådrivar og organisator for kurset hadde ei stund litt problem med å få dei ivrige damene til bords for å nyta den gode grønsakssuppa som ho hadde rota i hop, som ho utrykte det. Etter lunsj fortsatte det inspirerande arbeidet med å laga noko så enkelt som eit kjeleunderlag. Og det var ikkje berre berre, men dei fleste vart veldig fine å sjå til, på avstand…

For dei som er litt interessert i interiør og stæsj, kan ein anbefala Gunda Marie sin private blogg Gunda M- playing around, eller gjenbruktsbutikken på Stjørdal sin: Containergirl

Under er litt inspirasjon i bildeform for dei som ikkje deltok. Alle foto ElinorB

Publisert: 17. februar 2013, 23:12