Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Gabrielle og Erik Bye på Kulturhuset

Gabrielle og Erik Bye på Kulturhuset

Jon Olav Ørsal Fredag 12. oktober 2012

I helga er det mykje som skjer på Kulturhuset. Laurdag kveld er det Gabrielle m/band som gjestar Storstua med konsert. Det er framleis ledig billettar, så her er det berre å hive seg på. Konserten startar laurdag kl 20, og her kan du kjøpe billettar.  Søndag kl 20 er turen komen for  «Tilbake til sangen – En hyllest til Erik Bye», der mellom anna henning Sommaro deltek.

I høve Nopas jubileum i 2012 framføres denne spesielle og vakre forestillinga med nokre av landets beste artistar. Her kjem Eriks låter som perler på ei snor, og vi får eit innblikk i Eriks liv og hans dikting. Medverkande artistar er: Ragnhild Lütken Bye, Annbjørg Lien, Hans Fredrik Jacobsen, Henning Sommero, Lars Klevstrand, Sigmund Groven, Johannes Joner, Carl Morten Iversen. Billettprisen er kr 300, og her kan du kjøpe billetter på nettet.

Først publisert: 12. oktober 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 11. oktober 2012, 23:42