Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

G14 overlegne i begge sine kampar, og går vidare!

Elinor Bolme Onsdag 2. august 2017

G14 Surnadal/Søya/Todalen møtte i dag Bjørn IL i 1/16-finale i B-sluttspelet, og kunne etter endt kamp juble etter ein solid 10-1 seier. Dette gjer at gutane allerede i kveld gjekk vidare til 1/8-finale mot Haugerud klokka 18.30. Og også den kampen tok gutane med storm. Dei var heldige med eit sjølvmål etter 4 minutt og Trym Schei Kvendset som fekk inn 2-0 etter 18 minutt. Keeper Amund Phil Strand scora sitt andre mål for dagen og 3-0 stuss etter utspel rett etter pause, før Haugerud fekk inn eit trøstemål i siste liten. 

Seieren gjer at gutane avanserer til 1/4- finale mot Bækkelaget IL i morgon kl 8.

Gudmund Kårvatn har også i dag sendt oss nokre bilder frå stadion på Abildsø og Ekeberg.

Trym Schei Kvendset sender i veg nok eit skot som ender i mål. Han fekk i dag inn tre mål. Ellers scora Lasse Vasseng Hansen, Odin Nes, Martinus Kvendset, John Einmo og keeper Amund Pihl Strand med eit heldig utspark.

Erik Kårvatn på raid framom Bjørn IL sitt mål.

Det var spanande å vere supporter under dagens siste kamp mot Haugerud også.

Ellers har vi fått melding om at G13 Surnadal/Søya/Todalen er vidare til 1/16- finale etter at dei har slått Ready 2 5-4 etter ekstraomgangar. Her scora Vegard Dønnem alle 5 måla. Dei møter dermed Skjoldar til ny kamp klokka 20 i kveld. Her vart resultatet 3-1 til Skjoldar, og G13 er dermed ferdig med sitt Norway Cup-eventyr.

J13 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen tapte dessverre 3-0 mot Høybråten og Stovner i sin 1/8-finale i A-sluttspelet  dag. Det betyr at Norway Cup 2017 er over for jentene. Men først er det bytur med shopping og RBK på storskjerm fortel Tove Brøndbo.

STKU-Stovner/Høybråten før kamp.

Trenar Ola Einar Øyen med laget i pausen.

Publisert: 2. august 2017, 17:59