Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fyrrig folkemusikk i Surnadal

Steinar Hasselø Sundag 4. februar 2018

Folkemusikkgruppa TreriksØset kjem på onsdagstreffet i Surnadal kulturhus den 7. februar. TreriksØset er sett saman av fire unge musikarar som går på folkemusikklinja på folkehøgskulen Birka i Østersund.

Gruppa spelar folkemusikk med driv i, og som difor får stampefoten til å trampe i takt – anten ein vil eller ikkje. Gruppa leverer alt frå gode slåttar, svingande polsar og fine valsar med musikk frå både Noreg, Sverige og Finland.

Og det er også desse tre landa musikarane kjem frå; Verdalingen Espen Olaf Vestvik spelar saksofon og finske Jonna Lankinen trakterer både fiolin og celle, medan svenskane Linnea Sjödin (fiolin) og Tomas Andersson (gitar) kompletterer kvartetten.

Onsdagstreffet blir denne gongen arrangert i Svorkasalen i kulturhuset og – som vanleg – er sosialt samvær, kaffe og ein godbit inkludert i billettprisen.

Onsdagstreffa er arrangert i samarbeid med «Den kulturelle spaserstokken».

 

Først publisert: 4. februar 2018, 07:00 - Sist oppdatert: 3. februar 2018, 09:53