Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fyll opp kalenderen vår!

Elinor Bolme Fredag 4. januar 2019

Nytt år og nye aktivitetar er under planlegging. Det betyr forhåpentleg vis at aktivitetskalenderen her på todalen.no skal fyllast opp med små og store arrangement det kommande året. For at alle skal få best muleg informasjon om kva som skjer i bygda oppfordrar vi derfor at lag og organisasjonar og eventuelt andre sender oss ein e-post med litt info om kva som skal skje i løpet av året. 

Det vi treng er:  arrangement, stad, dato, tid og eventuelt litt info kva som skal skje eller kvar ein kan henvende seg.  Aktivitetskalenderen blir mest nyttig når alle lag og organisasjoner får inn arrangement straks dato er bestemt. Da vil andre sjå kva datoar som er ledig eller opptekne, og ein unngår kollisjonar for arrangement. Det er også kjekt for den som vil sette av datoar for å delta på ulike arrangement.

Send info til vår e-postadresse som er red@todalen.no eller bruk kontaktskjemaet på nettsida.

Først publisert: 4. januar 2019, 05:54 - Sist oppdatert: 3. januar 2019, 18:00