Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fullt på isen

Fullt på isen

Elinor Bolme Onsdag 2. januar 2013

1. nyttårsdag nytta mange å ta turen på den supre isen på Bordholmen. Her fekk både gutar, jenter, menn og falma kunsløpsentusiastar fart på seg. Isen som vart anlagt før jul var i tipp topp stand og leiken var like fornøyeleg for liten og stor. Og på sidelinja var sekkar med kakao og kaffe tilgjengelege når føtene vart litt slitne. Idrettslaget har kjøpt inn nokre køller som står til utlån nedpå der, om nokon vurderer å driste seg på ein ishoocheykamp ein gong.

Under er mange fine bilder som vi har fått tilsendt frå Laila Kvendset.

Publisert: 2. januar 2013, 08:53