Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fullt hus for fotoutstillinga til Reidar

Elinor Bolme Laurdag 18. februar 2017

I dag var det fotoutstilling i Skulstuå. Og ved åpning klokka 13 vart det nesten for lite plassar til alle som møtte opp og ville sjå salgsutstillinga til Reidar Østvik. Han hadde med seg godt og vel 30 bilder, som vart godt motteke av dei som tok turen.

Allsidige bilder

Reidar hadde teke med eit breitt spekter av sine bilder. Han fortel at det er litt periodedvis kva som blir fanga av linsa. Men med bustad i Todalen og den fine naturen rundt oss er det lett at det blir mykju fine naturbilder fortel han. Tidlegare har han også hatt eiga utstilling i Galleri Finstuå med portrett som tema. Dette er litt utfordrande, da veldig mange ofte blir reservert når dei får ein slik forespørsel av oss med kamera.

Eit av portretta som fenga var teke av Narve Talgø. Narve er ein av dei som ikkje er vanskeleg å be, derfor blir også resultatet bra, forklarer Reidar. Og Narve var sjølvsagt på dagens fotoutstilling, i dobbel forstand.

Etterarbeidet viktig

For å få det rette uttrykket i bilda sine bruker Reidar photoshop. Der er mulegheitene uendelege, og eit råbilde kan produserast i forskjellige variantar.

Ingen klarte å gjette kvar bildet var teke frå, men når svaret kom frå fotografen vart det klårt for dei fleste. For du ser vel at dette er Røyskattvegen?

Dordi Jorunn Halle og Asgeir Østvik beundrar eit portrettbilde av to måsar. Råbildet er redigert så mykje at det ser ut for at det er måla.

God stemning

Som nemnt var det veldig godt oppmøte i Skulstuå, og med servering av Skulstuas vener gjekk praten livleg for seg rundt det store langbordet. 

Upåklageleg stemning!

Jorunn, Grete og Synnøve tykte det var utruleg mange fine bilder Reidar hadde stillt ut.

Publisert: 18. februar 2017, 18:33