Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full utteljing frå Surnadal Sparebanks gåvefond

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. mars 2019

I dag var det utdeling av gåvemidlar frå Surnadal Sparebanks gåvefond. Ein god slump med pengar hamna som støtte til forskjellige prosjekt i bygda da gåvesjekken vart delt under ei enkel tilstelling i bankens lokaler. I år er det til saman 74 lag og organisasjonar som har fått gåve frå banken, liten eller stor alt etter kva det er søkt på. I statuttane står det at gåvene skal gå til allmennyttige formål, og vi prøver å vurdere dette etter beste evne, seier Liv Dalsegg i Surnadal Sparebank.

Under årets gåveutdeling var representantar frå Todalen Idrettslag, Toåa Tursti og Todalen Grendalag invitert til å ta i mot ein felles gåvesjekk på kr 77.000 som går til fleire prosjekt som er planlagt eller er i arbeid i Todalen. – Vi såg at det var mange prosjekt på gang i Todalen og ønska å påskjønne den store aktiviteten i bygda, sa Dalsegg under utdelinga som gjekk føre seg i bankens lokale. Todalen idrettslag har mange jern i elden, og har søk om midlar både til klatreparken og ny løypefres på Tjønnmyran, snøfres til isanlegget på Bordholmen og til hus for strømagregat på lagets skihytte.

Toåa tursti var også med og tok i mot gåvesjekken. Her er det Todalen I.L. i lag med Surnadal JFF, Todalen elveeigarlag og fleire til som planlegg tursti for funksjonshemma frå Bønnavollan og ned til Båthølen og vidare nedover til Halsabrua. Her har Surnadal JFF tidlegare gjeve kr 100.000 og på årsmøtet bestemte Todalen I.L. å gje 100.000. Vidare er det her søkt om tippemidlar for å fullfinansiere prosjektet saman med omfattande dugnadsinnsats.

Den tredje mottakaren var Todalen grendalag som er eit nystarta lag som skal arbeide for å fronte saker mot kommunen, og som skal arbeide for saker som auka tilflytting, skulesaka og andre saker som kan gjera Todalen attraktiv for å stimulere til trivsel og aktivitetar som skal få folk til å slå rot i bygda.

Vi vart så imponert over den store aktiviteten i Todalen, sa Liv Dalsegg i Surnadal Sparebank.

– Vi vart så imponert over det store engasjementet og derfor bestemte vi oss for å være med å støtte disse prosjekta, sa Liv Dalsegg under utdelinga. Michal Heimlund som representerte Toåa tursti takka for støtte frå banken, og sa at det er ei anerkjenning for oss at banken er med på slik støtte.

Publisert: 28. mars 2019, 18:37