Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full rulle, også når dei litt eldre spelar

Elinor Bolme Sundag 26. august 2018

Surt, kaldt og vått vêrbruk la ingen dempar på hverken innsats eller humør hos dei tre fotballaga som møttes til dyst i Nordmøre Championship på Bordholmen i kveld. Likevel vart ikkje temperaturen på spelarane så høg at det måtte roast ned, eller at nokon vart skadde.

I første kamp spela Todalen mot Bøfjorden. Bortelaget var sterkast og slo todalingane med 6-1. Her var det som vanleg mange eldre rutinerte fotballspelarar som vi mistenkte trena fleire gonger i veka hos Bøfjorden. Noko dei avkrefta på det sterkaste etter endt kamp. 

Andre kamp var mellom Trollheimen Toppfotball og Todalen. Her var det todalingane som var sterkast og vann slik ca 5-1. Dommar Gunnar Nordvik hadde ikkje heilt teljinga. Siste kamp var dermed mellom TTF og Bøfjorden. Bøfjordingane kontrollerte frå start til slutt, men TTF mista hverken pågangsmot eller humør for den del. 

Under er eit bildegalleri frå ein våt og kald seanse på Bordholmen for oss som såg på. Alle foto ElinorB.

Publisert: 26. august 2018, 22:06