Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Full klaff i 1. jakthelg på heimebane

Full klaff i 1. jakthelg på heimebane

Elinor Bolme Sundag 9. september 2012

Talgø/Kårvatn jaktlag har fått ei bra start på årets hjortejakt i Todalen. På to dagar har tre dyr vorte fellt, der dagens fangst står høgst i kurs i allefall for skyttar Ragnar Halle. Han fekk nemleg ein 11 taggar på post i Gammelseterdalen på Kårvatn. Det var i følge dei andre på jaktlaget stor jubel hos Ragnar då dei til slutt fekk leda bukken til posten hans. Talgø jaktlag har i år leidd jaktvaldet på Kårvatn, samstundes som de òg har eit vald i Rodalen.

I går jakta dei oppi Teljå, og etter endt dag hadde Svein Håvard Brøndbo skote ein spissbukk, og Elmer Talgø hadde skote ei kolle.

Her poserer Ragnar med 11-takkaren i Gammelseterdalen, der Ragnar er oppvokse og har mang ei jaktoppleving i frå.  Alle foto Tove Talgø Brøndbo.

Todalen.no oppfordrardei andre jaktlaga i bygda også sender inn aktuelle jaktbilder no utover hausten.

Publisert: 9. september 2012, 21:29