Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Full flor i Svinviks arboret…

Full flor i Svinviks arboret…

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. mai 2013

Det nærmar seg full flor i arboretet. Varmen dei siste dagane har gjort at det no nærmar seg toppen av rododendronblomstringa i arboretet. På grunn av den seine våren har det til no gått treigt, men no er det kome full fart i blomstringa. Sist helg var det også veldig bra med besøk i arboretet, og har du planer om å få med deg blomstringstoppen vil vi anbefale at du tar turen til Svinvika.

Arboretet er ope frå onsdag til søndag mellom kl 12 og 17.  På heimesida til arboretet finn du meir opplysningar om Svinviks arboret. Tips: I arboretet kan du ta ein pause i kafeteriaen og smake på heimebaksten!

Publisert: 30. mai 2013, 06:00