Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Full blomstring på Hageland

Full blomstring på Hageland

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. juli 2013

Ein skulle tru at det meste av blomstersalget er unnagjort no, men det er full guffe enno, seier Ingeborg Langan som er butikksjef på Hageland i Surnadal. Det går enno mykje sommarblomster, og det er enno tid for å plante ut frukt- og bærbusker og mange andre fleirårige busker og staudar. Det er mange som no skiftar ut sommarblomster både i eigen hage, på gravsted og andre plassar.

Og «full guffe» har det jammen vore sia vi opna 18. april, fortel Ingeborg Langan. Ho fortel at omsetninga har overgått alle budsjett, og er audmjuk over mottakinga som Hageland har fått i Surnadal. Det har kome kundar både frå fjærn og nær, og folk har hatt med seg store handlekorger ut frå butikken. Det er artig når det er slik respons, og ho skryter uhemma av innsatsen til dei tilsette som ho har med seg i hagesentret. Ja, det har vore travelt men artig, skyt Ragnhild Hausberg inn med eit smil.

– Vi er ein samansveisa gjeng som har stått på for fullt no i høgsesongen, som er frå april til og med juni. Vi er enno i ein læreprosess, men vi er alle interessert i jobben vår.  Vi starta da heilt frå nytt, men vi prøver heile tida å tilpasse oss og lærer nye ting kvar dag. Vi hjelper gjerne til med gode råd til kundane også, for det er mange som lurer på eit eller anna med plantestell eller valg av planter, fortel Ingeborg som sjølv er utdanna gartner.

No er det snart tid for å planlegge neste år, og når ferien er over er det tid for å dra på messer både i Holland og i norge. Da skal det kjøpes både blomster, busker, løkar og hagemøblar for sesongen 2014. Til neste år skal vi også uteområdet ved Hageland utviklast vidare, fortel Ingeborg Langan. – Det vart litt tidsnød i vår på grunn av den kalde og lange vinteren. No får vi god tid til å få på plass grunnarbeidet og kan planlegge og gjøre ferdig utearealet i løpet av hausten.

Hageland har eit omfattande samarbeid med Byggmakker Surnadal. Det er opning mellom dei to butikkane, og du kan ta med deg varer og handle i begge butikkane, da dei begge har eigne kasser for både Byggmakker og Hageland. Vi ser store fordeler med dette, og vi utfyller kvarandre godt, seier dei to butikksjefane. Ivar Helge Kvendset er butikksjef på Byggmakker, og han fortel at dei har hatt ein fin auke i handelen på Byggmakker også, etter at Hageland opna i vår. Og så kan vi trekke litt vekslar på mannskapet når vi har toppar i butikkane. Han er også godt nøgd med responsen på den nye flisebutikken i Byggmakker. Flisekompaniet kom på plass samtidig med Hageland. Etter ein innkjøringsperiode er det også full fart der, men der er det nok høgsesong utover hausten, når det igjen blir mørkare kveldar, seier Ivar Helge.

Bildeglimt frå Hageland og Byggmakker.  Alle foto: J. O. Ørsal

Publisert: 20. juli 2013, 13:01