Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Frustrert  på  vegvedlikehaldet

Frustrert på vegvedlikehaldet

Jon Olav Ørsal Sundag 24. februar 2013

I dag hadde vi ein frustrert Terje Nordvik på tråden. Det var vegvedlikehaldet som var tema, og han beretta at det var 15 cm djupe hol i vegen på Todalsøra. Vart nærast beordra til å kome på Todalsøra for å sjå, og ffor å ta bilde av elendigheita. Og jammen var det skikkelege grufser på FV 761 ved Todalsøra.

Det har vore mykje vasstilsig på vegen som har frosset i kulda i siste kaldperioden. No har dette begynt å tine, og no har elendigheita vorte verrre og verre for kvar dag den siste veka, fortel Terje Nordvik. Måndag morgon får nok Kolo Veidekke ein telefon frå borgarmesteren på Todalsøra, med beskjed om å kome med vegskråpa!

Publisert: 24. februar 2013, 18:49