Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Frukost på Bordholmen!

Elinor Bolme Tirsdag 16. mai 2017

Fotballgruppa i Todalen Il er ansvarleg for dagens 17. mai frukost. Dei melder no om at det blir servering på Bordholmen etter biltoget. Dei siste åra har det vore i Ungdomshuset, men i år ser det ut til at veret spelar på lag, slik at det blir uteservering på Bordholmen.

Prisen for frukosten er 50 kr for barn (6-16) og 100 kr for vaksne. Gratis opp til 6 år.

Først publisert: 16. mai 2017, 20:27 - Sist oppdatert: 17. mai 2017, 09:28