Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Frostnetter – litt statistikk

Frostnetter – litt statistikk

Jon Olav Ørsal Måndag 24. mai 2010

Vi har fått e-post frå Jon Bruset. Han har registrert maximum og minimumstemperatur heilt sidan nittitalet, og har oversikt over vårlege frostnetter i denne perioden. Han skriv at våren 2010 slett ikkje er den verste:

«Våren 2010 har ikkje vore av dei varmaste. Men statistikken frå 1990 og til dags dato viser at talet på frostnetter i mai har variert sterkt gjennom åra. Til no i mai er det registrert 6 døgn med frost her heime på Småhjellen.

«Verst» var det i 1995 med 9 frostnetter, deretter kjem1996 med 6 som i år og på tredjeplass 1999 med 5 frostnetter. Heilt uten frost var mai 93, 98, 02, 04, 08 og 09. Lågaste målte minimum hadde mai 1997 med – 2,8. Seinaste frostnatta til no vart registrert 23. mai 1994″

Publisert: 24. mai 2010, 12:55