Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Frode vart hedra for årets bilde

Frode vart hedra for årets bilde

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. februar 2012

På årsmøtet i Todalen.no fekk Frode Grønmyr heider for «Årets bilde 2011». Med det flotte kveldsmotivet fra Steinarstusetra i Romådalen gikk han heilt til topps i konkurransen om årets bilde for 2011, og fekk ein innrama kopi i storformat som premie. Det var rundt 25 deltakarar som kom på årsmøtet, som vart halde i Todalen ungdomshus tysdag kveld.

Det vart litt debatt om personlege medlemar hadde stemmerett på årsmøtet, og her må nok styret klargjere vedtektene og informasjonen rundt slike medlemskap. Det er nemleg lag, organisasjonar og bedrifter som i utgangspunktet utgjer medlemmassen i Todalen.no. Det siste året er det og teikna såkalla personlege medlemskap, eller støttemedlemskap som ein heller burde kalle det. Dette er tenkt som ei støtte for å gje ei sterkare tilknyting til Todalen.no for privatpersonar som ønskjer det. Det var på årsmøtet i 2011 gjort vedtak om at det kunne teiknast personlege medlemskap. Der er det i vedtaket (sak 9) skrive at disse skal ha møte- og uttalerett, men ikkje stemmerett på årsmøtet. 

Elles var årsmøtet fort unnagjort, der rekneskap og årsmelding var einstemmig godkjent. Todalen.no gikk i 2011 med eit lite overskot, men har store utfordingar og årsmøtet gjorde vedtak om å heve medlemskontingenten med kr 500 både til lag og organisjasjonar og for komersielle medlemar. Styret fekk fornya tillit, med attval over heile fjøla. Det var i 2011 tilsaman 42 komersielle og frivillige medlemar og 105 personlege medlemar/støttemedlemar.

Todalen.no har hatt ei fin utvikling i besøkstalet heil sidan starten i august 2009. På denne tida har heile 56.526 forskjellige besøkande vore innom nettstaden heile 438.671 gonger. Den 6. februar passerte vi 1.000.000 sidevisninger. Det er vi godt nøgd med!

Publisert: 29. februar 2012, 00:15