Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fritidsklubben startar oppatt

Fritidsklubben startar oppatt

Elinor Bolme Sundag 9. januar 2011

Førstkommande onsdag startar fritidsklubben oppatt på Bordholmen. Dette vart eit svært populert tilbod i fjor haust, så Start 4H vil halda fram med arrangementa. Sidan aldersspreiinga var ganske stor, har det no vorte litt annleis tider å opphalde seg der, slik at det blir best mulig for alle. I tillegg blir det til at klubben blir arrangert annakvar onsdag, i staden for kvar.

Styret i Start 4H har sett opp følgjande opningstider for dei ulike aldersklassane: Frå og med 3. klasse til og med 6. klasse: 18-20. Frå og med 7. klasse og oppover: 18-22. I tillegg vil det bli rullering med kven som er ansvarleg av 4H’arane frå gong til gong, slik at det ikkje er dei same som ordnar og ryddar kvar gong, seier Marte Talgø som no er leiar i klubben.

No den første onsdagen, vil det frå kl 18 og utover bli medlemsmøte i klubben, der det blir valg av oppgåver blandt anna, så da kan det vera lurt å møte opp.

Først publisert: 9. januar 2011, 08:31 - Sist oppdatert: 8. januar 2011, 15:46