Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fritidsklubben avlysast resten av året!

Fritidsklubben avlysast resten av året!

Elinor Bolme Onsdag 17. november 2010

Deler av styret i Start 4H velger å avlyse fritidsklubben med tilhald på Bordholmen resten av året. Dette fordi det dei siste gongane har vore tendensar til uro blandt dei frammøtte. Dei eldste i styret har stått for dette tilbodet, og ser seg ikkje råd til å fortsette å oppretthalde tiltaket når det skal vera slik.

Fleire ungar har vald å ikkje møte til tilbodet fordi dei tykkjer det rett og slett er utriveleg å vere der.

Todalen.no var innom dei først på kvelden, medan det enda gjekk roleg for seg og tok nokre bilete.

Christian Rovik handlar frukt av Marte Talgø.  Astrid Longva Kvendset i bakgrunnen.

Sukkerfri månad gjer utslag i kioskutvalget. Koppar med frukt gjer susen! Frå venstre; Thommas Aune, Christian Rovik, Ola Bolme og Frikk Hauglann Talgø.

 

Biljardbordet er flittig bruka. Steinar Gjeldnes ved køllene 🙂

Kevin Anders Brusethaug prøvar seg på bordtennis.

Publisert: 17. november 2010, 23:48