Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fredrikkekaffe med godt oppmøte og god stemning

Dordi Jorunn Halle Laurdag 7. september 2019

Laurdag ettermiddag var det for første gong denne hausten Fredrikkekaffe, og det vart ei retteleg triveleg handarbeidsstund. Nesten 20 kvinner var på plass i Sanitetshuset, og det var tydeleg at det var stas å møtast etter ferien. Kjekt var det også med nye fjes på Fredrikkekaffen.

Kjekt å treffast! Frå venstre: Jorunn, Janne og Helen. Foto: Dordi J H

Når ein kika litt på kva som var under arbeid av flittige hender, så var det stor variasjon. Sjølvsagt er det mange som no har det travelt med å strikke lestar – det er snart både jul og vinter. Jorunn og Janne frå Øvre Surnadal strikka fine barnekjolar, og somme er i gang med store prosjekt som kofter og genserar til vaksne, andre gode kopptuer. Det er imponerande kor jamt og fint det blir strikka! Mali heklar på eit stort pledd av restegarn, fargerikt og flott, mest som eit kunstverk.

Flittige hender, men også tid til prat. Frå venstre: Jorunn, Janne, Helen, Mali, Dordi, Svanhild, Berit, Grete, Jenny, Jorunn og Synnøve. Foto: Dordi J H

Det vart servert kjøle gode bakels og nydeleg, friskt syltetøy. Helen og Arndis er ansvarlege for Fredrikkekaffen, og dei var også vertinner.

Det var riktig koseleg med lett og god stemning rundt borda i Sanitetshuset, det er berre å gle seg til neste strikkekaffe om tre veker, altså den 28. september.

Fleire bilete:

Det var fint pynta – hausten er her. Godt med plommer, og så matcha plommene og genseren til Randi kvarandre. Foto: Dordi J H

Jorunn strikkar kofte, ermane er ferdige og ho er godt i gang med bolen. Heldig han som skal få denne. Foto: Dordi J H

Rundt det næraste bordet: Jenny, Ingeborg, Randi og Berit. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 7. september 2019, 20:22