Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innslag frå Todalen på NRK1 – sjå det på nettet!

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. desember 2013

Fredag 20. desember blir det eit innslag på NRKs lokalsending frå Todalen. Lokalsendinga er utvida denne kvelden, og startar alt kl 18.10, og går heilt fram til Dagsrevuen kl 19.00. Etter plana kjem innslaget ca kl 18,25, og varer rundt 5 minutt. Du må berre hugse å velge rett kanal, NRK Møre og Romsdal, for elles kan du oppleve å få f.eks. Østlandssendingen på skjermen.

Det er NRKs videojournalist Eirik Haukenes som har vore i Todalen for å høyre korleis todalingane har det etter at alt er attende til normal tilstad etter raset. Dersom du ikkje har høve til å sjå sendinga akkurat fredag kveld, kan du nok laste den ned og sjå den på PC’n eller IPad’en her.

Først publisert: 19. desember 2013, 19:26 - Sist oppdatert: 21. desember 2013, 18:02