Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fredag: I helga er det Stangvikfestival

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. juli 2020

I helga går Stangvikfestivalen av stabelen. Det var lenge tvil om det i det heile var nokon festival i år, men no er det for lengst kome ut program, og billettsalet har gått for fullt sia 6. juli.  Årets festival blir nok ein «minifestival» samanlikna med tidlegare festivalar. Men «koronakrisa» med sine smittevernsreglar gjer at ein må avgrense både talet på arrangement og talet på publikum.

Festivalen har eit godt og allsidig program av god kvalitet som vanleg, og programmet startar med Rasmus Rohde på prestegarden fredag kveld kl 18 og rundar av med Storstangvikkveld i Bondehuset laurdag kveld kl 21. Men dersom du er ute etter billetter er du nok litt seint ute. Billettane har vore i sal sia 6. juli og i skrivande stund er det berre nokre få filletter att til kyrkjekonserten på laurdag – men da bør du nok være kjapp!
 
Stangvikfestivalen 2020 arrangerast frå fredag 31. juli til søndag 2. august, og festivalprogrammet for STANGVIKFESTIVALEN 2020 ser slik ut: 
FREDAG 31. JULI
Kl. 18.00 – Prestegarden
RASMUS OG STANGVIKFESTIVALENS VERSTE BAND
Rasmus Rohde opnar årets festival med barne- og familiekonsert
Kl. 19.30 – Bondehuset
KUNSTUTSTILLINGSOPNING MED FESTIVALKUNSTNAR EDITH LUNDEBREKKE
Kl. 21.00 – Bondehuset
JON BALKE OG FLYGELET // SYNDEN & GLEDEN med Unni Løvlid, Alpaca Ensemble og Stangvik-vikarar
 
LAURDAG 1. AUGUST
Kl. 14.00 – Stangvik kyrkje
KYRKJEKONSERT med Sigrid Vetleseter Bøe, Mira Dyrnes Askelund, Marianne Meløy, Alpaca Ensemble og fleire
Kl. 21.00 – Bondehuset
STORSTANGVIKKVELD med Eir Inderhaug, Brøløy, Sigrid, Jo Inge og alle dei andre
Billettar har vore lagt ut for sal måndag den 6. juli Kjøp billett på eBillett.no
Les meir om Stangvikfestivalen 2020 på Facebook for meir detaljert informasjon om årets festival.

Stangvikburgarar i lange baner – desse vart laga i vinter og til ein fullskala festival. Foto: Stangvikfestivalen

Laurdag 1. august kl. 15.00 – 18.00 blir det muleg å kjenne smaken av Stangvikburger, sjølv utan billett. Vi opnar gatekjøkken utafor Bondehuset og sel Stangvikburger og alkoholfri drikke i tida 15.00 – 18.00. På grunn av «koronahensyn» kan vi ikkje legge til rette med sitteplassar her, men det er plass for mykje føling i fjæra…!  Betaling med Vipps! – Har du ikkje Vipps, så får du nokon til å hjelpe deg med å betale!

Publisert: 29. juli 2020, 18:00