Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fram  med  loppene….

Fram med loppene….

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. juni 2010

Under Todalsdagen 3. juli er det tradisjon med loppemarked. Det er både trivelig og sosialt, og det kjem inn ein slant med pengar til drift av Trimgruppa og fotballgruppa i idrettslaget. Borghild Betten Talgø er ivrig på at folk skal rydde i kott, skuffer, uthus og kjeller for å finne fram lopper som kan gjera loppemarkedet attraktivt og stimulere til god kjøpelyst.

Ho fortel at alt er av interesse, og ho ramsar opp ein hel masse eksempel på varer som kan ho kan by fram til publikum. Det kan væra møblar av alle slag, kopper og kar, klær og skotøy, krimskrams og pyntegjenstandar, kjøkkenutstyr og redskap. Det vil bli ei eiga avdeling med brukte bøker, og ho nemner at det spesielt er stor interesse for bøker etter lokale forfattarar.

Borghild fortel at folk er flinke til å finne fram fine lopper til loppemarkedet under Todalsdagen. Til og med utanbygdsfrå kjem folk med ting som dei tykkjer er for fine til å kaste og som dei gjerne vil skal kome til nytte hos andre.

Har du høvelege lopper er det berre å ta kontakt med Borghild (telefon 908 41 614) eller Jostein Bruset (telefon 416 21 177) for å avtale levering, eller du kan avtale at dei hentar dersom du heller vil det. Så her er det berre å svinge seg rundt.

Publisert: 23. juni 2010, 22:30