Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fra tysdag kjem posten annakvar dag – slik kan du finn ut når?

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. juli 2020

Endringar i postlova gjer at Posten frå i dag 7. juli vil levere post annakvar dag. Posten har laga ein oversikt som vil gje deg kontroll over kva dagar du kan finne post i postkassa di. Opplegget er slik at du får post måndag, onsdag og fredag den eine veka og tysdag og torsdag den neste. Det er ein dramatisk nedgang i postmengda som gjer at Posten endrar tilbodet med postombering så dramatisk. Sia toppåret 1999 har det gått nedover med postmengde som er delt ut – heile 70 % er mengda redusert på disse åra.

Dei raude postkassane blir tømt i samband med postombæring har vi forstått. Dersom det er brev som det hastar med, er det nok lurt å poste dei på «Post i Butikk» Foto: Jon Olav Ørsal

Men sjølv om postmengda – det vil seie brev og pakkar blir omdelt annakvar dag, så vil avisene framleis bli omdelt kvar dag. Jobben med omdeling av aviser har vore ute på anbod, og her vart det Posten som trekte det lengste strået.  Men dei dagane det ikkje er postombering så vil utdelinga av aviser skje etter ei anna køyrerute og kanskje til anna tid enn vi har vore vant til. Samarbeidet om banktenester mellom DnB og Posten vart også avvikla 30. juni, etter at avtalen mellom dei to partane eigentleg gjekk ut ved årsskiftet.

Litt innkøyringsproblem må vi nok rekne med, men det vil no gå seg til etter kvart. Håpar at Posten vil gje oss god informasjon om kva som skjer, sjølv om det har vore litt sparsamt til no. På heimesida til Posten kan du finne ut når det blir distribuert post på ditt postnummer – fyll inn postnummer og klikk «Vis leveringsdager»

Skiltet som heng på veggen på Matkroken. – info om DNBs banktenester er nok litt utdatert. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 7. juli 2020, 19:05