Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fra Todalen til Hadeland

Mari B. Redalen Onsdag 27. april 2016

Kven er du, kvar bur du, kva gjer du til vanleg og kvifor flytta du?

Eg er Åse Toril, og etter å ha vore ein Holten heile livet, vart eg ein Krågsrud i fjor. Det er no 34 år sidan mor ein kald januardag satt på med Solveig Kjølstad med drosje opp til Orkanger sjukehus. Nokre dagar seinare byrja eg på ein storsver barndom heime i Jarbakken på Kvendsetgarden, saman med May-Elisabeth, Tor og storebror Erik.

Erik og eg_300x300 barndom

Barndom i Todalen: Tidleg ute med kaffelag, som seg hør og bør for ein todaling Storebror Erik blir servert.

Ingvild og eg_300x300_barndomstid

Ingvild Kårvatn var bestevenninna mi i barndomen, og er det framleis.

Barndom_1987_300x300

Gromme ungar på femårsfeiring i 1987.

Barndom_hos Kista

Eg er ein av mange todalingar som har hatt Kista (Kristine Talgø) som dagmamma. For meg vart ho ei reservebestemor, og eg lærte mykje praktisk kunnskap av henne før ho gjekk bort alt for tidleg

Anikken og Therese_300x300_barndom

Dokkeklesvask med Anikken og Therese Talgø på 80-talet.

Barndom_rompetroll_1986_400x

Mykje ungar på Kvendsetgarden, her frå 1986, kor vi er på jakt etter rumpetroll før bekken vart lagt under betong.

Eg flytta ut fordi eg ville sjå verda! Og eg hamna på Moelv… Etter vidaregåande ville eg gå på folkehøgskule. Todalsfjord og Trollheims-fjell vart erstatta med Mjøsa og bølgjande ringsakeråsar. Ikkje ein ravgalen erstatning dét, men etter eitt år lova eg meg sjølv at eg aldri skulle busette meg ein stad som mangla både fjord og fjell! I år har eg budd ti år på Hadeland, som akkurat er like fjord- og fjellaust som Moelv. Det var altså ikkje naturen som freista på Moelv. Derimot hadde dei journalistlinje og ein skokk engasjerte elevar frå heile landet.

Etter eit år i Prøysen sitt rike gjekk turen til Trondheim. Eg var purung og full av fordommar, og såg på Trondheim som ein slags koloni for surnadalingar. Alt for ueksotisk! Eg tok feil. Eg møtte ikkje på ein einaste surnadaling (derimot hadde eg kontakt med todalingar da, kjekt at Sondre Halset hadde bil og kunne ta med mat frå mor, til dømes!). Men fleire vil sikkert seie at eg erstatta pest med kolera da eg vart besteven med to sunnmøringar, som framleis er mine næraste vener. I Trondheim fekk eg med meg studiar i statsvitskap og fransk før eg faktisk flytta til ein stad eg hadde drøymt om å bu ein gong.

Eg erstatta fransk 1700-talslitteratur i Trondheim med bleieskift, matlaging og ei rekkje kulturelle opplevingar i Paris. Eg fekk møte Frankrike frå innsida, og passa tre søstre på 0,4 og 6 år. Stinkande bleieskift og sære vaner hos vertskapet (kven klippar pizza med papirsaksa fordi dei ikkje har kakkniv i huset?) var verdt det. Som au pair budde eg midt i Paris sentrum på beste vestkant, med Eiffeltårnet og all slags attraksjonar i nabolaget.

Etter sju månader vart Seinen erstatta med Sunnmøre. Målet var heile tida å bli journalist, ifølgje ein gamal skulestil eg fann att frå todalsskulen for nokre år sidan. Endeleg fekk eg bu mellom fjord og fjell igjen! Det vart to flotte år på journalistikklinja ved Høgskulen i Volda. Her traff eg Håvard. Sidan han ber etternamnet Krågsrud skjønar de sikkert korleis det gjekk. I år er det 11 år sidan vi vart saman, straks 1 år sidan vi gifta oss og 1 år og 3 månader sidan ein ny Krågsrud kom til verda. Agnes Kristine gjer kvardagane fine!

Etter Volda flytta vi dit det var jobb å få først. Sidan Håvard hadde arbeidd i lokalavisa her på Hadeland før studia, fekk han tilbod om eit vikariat. Eg fekk òg tilbod om eit kort vikariat, og plutseleg hadde vi fast jobb i avisa båe to. Vi hadde ingen planer om at vi skulle «flytte heimatt» til Håvard eller min heimstad, det berre «vart slik», og no har vi budd i Lunner kommune på Hadeland i ti år. Trass i at vi hadde ferieturar på kryss og tvers i Sør-Noreg i oppveksten, ante eg ikkje kvar Hadeland var. Hadeland er eit område som består av tre kommunar, og eg bur i Lunner. Lunner ligg ein times togtur nord for Oslo, ein times togtur sør for Gjøvik, ein halvtime vestafor Hønefoss og ein halvtimes austafor Gardermoen.

Sjølv om eg lika både skrivinga og det å møte all slags folk gjennom jobben som journalist, ønska eg ikkje arbeide same stad som mannen min til evig tid. Eg har nok litt sanitetsblod i årene, men det sa eg ingenting om da eg fekk jobb som informasjonsmedarbeidar i Norske Kvinners Sanitetsforening sitt sekretariat i Oslo. Da eg kom innanfor dørene, var det derimot framsnakking av Todalen Sanitetsforening på høgt nivå! Etter saniteten vart det ei tid som kommunikasjonsrådgjevar hos Fylkesmannen i Oslo, før draumejobben dukka opp lokalt.

No arbeider eg som kommunikasjonsrådgjevar i Gran kommune. Kvardagane er varierte, eg har ansvar for nettsida og sosiale medier, er rådgjevar i ulike spørsmål, arbeider for å betre språk i sakspapir, tek opptak frå kommunestyremøta og mykje anna. I grunnen får eg vera både snikkar og arkitekt innanfor formidling, og det likar eg godt.

Frøken Språk_300x200

Kommunens kommunikasjonsrådgjevar, alias Frøken Språk! Plutseleg fekk eg kombinert teaterinteresse og språkinteresse. Frøken Språk brenn for at innbyggjarane skal få klar og forståeleg informasjon frå kommunen.

Beskriv korleis ein vanleg dag ser ut for deg!
Eg står tidlegast opp og satsar på at Agnes Kristine søv medan eg får i meg havregraut og kaffe. Som oftast vaknar ho ein stad mellom havregrauten og kaffen. Deretter tek Håvard over og køyrer henne til dagmamma (vi har eit par månader med det før ho har fått barnehageplass frå hausten). Så dreg Håvard på jobb i lokalavisa kor han framleis arbeider som journalist, eller til vidaregåande, kor han óg har ein vikarjobb som medielærar.

Sjølv har eg eit kvarter til arbeid. For tida arbeider eg mykje med språk, og vi har akkurat sett i gang eit arbeid hos tildelingseininga, som sender ut brev til folk som har søkt om heimehjelp, barneavlasting eller andre tenester innan helse- og omsorg. Målet er at språket er så tydeleg at alle skal skjøne informasjonen på første forsøk. Forhåpentlegvis vil vi få fornøgde innbyggjarar, og færre telefonar inn på huset.

Etter arbeid hentar eg Agnes og så er det full rulle med middag og herjing og kos før leggjing. Deretter følgjer ein time med rydding av leiker og undring over korleis det hamna ein kjeks i dusjen eller ei lue i kjøleskåpen utan at eg fekk det med meg. Medan eg ryddar, høyrer eg oftast ein podcast med programma Ekko eller Kurér. Kjekt å kunne bli litt klokare når ein gjer keisame ting.

Håvard og Agnes_300x400B

Håvard og Agnes. Agnes Kristine er no 15 mnd. I likheit med mor si likar ho å lese. Elles er ho ei tuppskjor, her med pappaen sin.

Eg og Agnes.

Agnes og eg 300x_edited-1

Bryllup_300x400

I fjor gifta Håvard og eg oss, nestan på dagen ti år etter at vi vart saman.

Bryllup2_300x

unnamed

Håvard og eg i Toscana, sikkert siste utanlandsferie på ei stund, før år med Hunderfossen, dyreparkar og bilsjuke.

På fritida går det i litt trening, gjerne yoga, amatørteater, baking og diverse kulturopplevingar med gode venner.

Dei siste to vekene har eg vore på årsmøte i teatergruppa eg er medlem i, og kor eg akkurat er ute av styret. Stress og mas blir til pust og strekk på yogatrening. Fredag var eg på konsert med Arve Tellefsen og Håvard Gimse i kultursalen saman med ei venninne, og no onsdag skal eg på opninga av eit stort kunstsenter i ein låve saman med to gode kollegaer. Førstkomande fredag blir det etterlengta venninnetid med to studievenninner frå Volda-tida, i Oslo.

Eg likar at det skjer ting. Eg er nok ein type som hentar energi ved å vere saman med andre.
Samtidig har eg verken lyst eller mulegheit til å vere sosial absolutt heile tida, det går i periodar. Når eg er åleine, likar eg å bake. Eg vil helst ikkje innrømme det, men eg ser alt eg kjem over av bakereality på tv. Men eg blir nok aldri nokon cupcake-dronning. Her går det meir i tjukklæfs, skoffkak og ulike sjokoladekaker enn dilling med sukkerpasta i e-stoffargar. I oppskriftsboka mi har eg både “mamma Sondres supermuffins” og “grovkak à la Åshild Æstistun” og “tjukklæfså na Kista”.

Eg set aller mest pris på grå kvardagar. Når eg ser ein Netflix-serie saman med Håvard eller sit på verandaen og ser utover bygda medan katten mél på fanget mitt, er eg fornøgd. Som alle andre har vi óg møtt motgang i livet. Etter slike periodar ser ein det store i å kunne gjere dei små tinga.

Det vart langt, dette! Dei som kjenner meg, veit at eg ikkje er av dei som har vanskar med å finne noko å tala om. Eg skal svare kortare frå no!

Kor ofte er du heime i Todalen, og når kjem vi til å sjå deg att?

Eg er heime om lag tre gongar i året. No i mai kjem mor og far nedover i pinsehelga, så da blir det nok juli før eg kjem hæm-hæm.

Kva viser du først fram av Todalen til vener som kommer på besøk til bygda for første gong?
Eg er veldig glad i “gammeltin” og veldig glad i fjorden. Derfor er Todalsøra i morgonsol ein av favorittstadane mine i heimbygda. Elles er ein tur “storroinnt” med utsikta frå Todalshytta og diverse historier om kvar einaste stad vi passerer, obligatorisk. Inkludert bua, sjølvsagt, kor eg arbeidde fleire år i helgar og ferier, etter ein kort karriere på samvirkelaget (dei la ned eit halvår etter at eg byrja). Er vi lure, stoppar vi på bua til slutt på turen. Viss vi går inn først, risikerer vi å aldri rekke resten av turen rundt bygda. Også må vi sjølvsagt på Kårvatn.

Skjer det noko i bygda medan eg er der, må eg dit. Det er mykje som skjer i Todalen, og når nokre går litt utanom boksen og arrangerer “Fire in a hole” som Toril Redalen og Siri Skjerve gjorde da eg var heime i haust, må vi dit!

Kjem du til å flytte til Todalen igjen?
Eg må nok stikke fingeren i jorda og innse at eg har slått rot på Hadeland. Men om nokon har ei hytte dei skal selje eller fin hyttetomt dei skal selje nede i bygda, får dei skrike ut!

Er det noko spesielt du ikkje klarar deg utan?
Kaffe, yoga, venner/familie og Kick lakrisstong med havsalt. Samt ein bytur i ny og né.

Korleis holder dialekta di seg som utflytta todaling? Kanskje du har et eksempel på en vanlig dialektmisforståelse?
Spør du hadelendingane, vil dei nok seie at dialekta mi har heldt seg godt.

Spør du ein todaling, vil han nok høyre at ho er vorten meir avslipen med åra, og at dativen dessverre er på veg ut. Når det er sagt, er det ikkje noko austlandsknoting på meg. Eg fekk prisen for “årets dialekt” det første året eg ikkje budde heime, og todalsdialekta mi er ein stor del av identiteten min. Derfor er det heilt naturleg for meg å halde på henne. Ord og uttrykk som “innjkvainn” og “farra nålles” held eg nok innanfor husets fire veggar her heime. Men seinast på fredag spurde eg etter “kåpptuvå” på jobb. Elles kan eg jo nemne at eg preika kav todaling i ei oppsetjing av “Den spanske flue” i teaterlaget eg er med i. Poenget var at det meste eg sa som hushjelp skulle vera nærast umuleg å skjøne.

Korleis vil du samanlikne Todalen med staden du bur no? Er det noko du saknar?
Både Todalen og Hadeland er “bøgda”. Den største forskjellen er nok at Hadeland ligg meir sentralt til, med tre byar og ein hovudflyplass i ein times radius.

Båe plassane har eit uttall frivillige lag og foreiningar. Forskjellen er kanskje at det er litt fleir folk her, og at ein ikkje treng møte på dei same folka i 4H, som i idrettslaget, som PT-utvalet, som i båtforeininga…Todalen må ha norgesrekord i antall lag per innbyggjar! På Hadeland er det særleg korps- og teatermangfaldet som utmerkar seg, samanlikna med andre norske bygder. Berre innanfor teaterlivet kjem eg på ni aktive amatørteatergrupper, som famnar barn, ungdommar og godt vaksne. Sjølv er eg med i Lunner revy- og teatergruppe. Vi har mellom 1000 og 2000 publikummarar på førestillingane våre, så det er ei gruppe med høg kvalitet på førestillingane sine og eit trufast publikum. Eg kosar meg like mykje enten det er på scena som skodespelar eller på styremøte som sekretær. Spiren til den interessa vart definitivt sådd på scenene på Todalen skule og Ungdomshuset, gjennom skuleførestillingar, 4H-sketsjar og underhaldning på hjort- og 3. dagsfestar.

teater1

teater2

Teater er ei stor interesse for meg. Her sett vi opp Busybody (kjend som “Skulle det dukke opp flere lik, er det bare å ringe” i 80-talsversjon. Nokre år seinare spelte eg Ludvig Holberg-stykke i 1700-talskostyme, med med ei anna teatergruppe.

Teater3

Skodespelarinteressa vart derimot sådd på Todalen skule, 4H og festar i ungdomshuset.

På bygda er det kort veg frå idé til utføring. Eg hugsar Ingvild Kårvatn, Jo Gjeldnes, Arnstein Moe og eg var litt oppgjevne da det ikkje vart arrangert fleire ungdomsklubbar på Ungdomshuset. Da tok vi grep sjølve, skaffa kioskvarer frå bua og inviterte stangvikgardingane på besøk. Slik er det på Hadeland óg. Eg og ei venninne følte oss makteslause under flyktningkrisa i haust. Ho kjenner mange musikarar og eg har ein fot innanfor teaterliv og marknadsføring. Saman arrangerte artistdugnad for flyktningborn, fylte kultursalen og fekk inn 130 000 kroner til Redd Barna. Har ein ein idé, er det lettare å bruke både nettverk og fasilitetar på bygda enn i byen, trur eg.

Faksimiler

Blir ikkje meir moro enn ein gjer det til sjølv! Eg og ei venninne arrangerte artistdugnad til inntekt for Redd Barna sitt arbeid for flyktningbarn, ein skokk artistar og andre frivillige takka ja til å bidra gratis, og vi fekk inn 130 000 kroner.

Eg saknar definitivt fjord og fjell mest. Etter kvart har eg funne stor glede i sitje ved ei tjønn i skogen her óg, det skal seiast. For ein av dei første løningane eg tjente da eg jobba på “bua”, kjøpte eg eit skatthold. Noko av det finaste eg veit, er å sitje ved det på det gamle jenterommet mitt i Jarbakken og sjå ut fjorden. Eit anna høgdepunkt er å vera heime om sommaren og følgje med på “hønhals-utviklinga” frå kjøkenglaset.

Bjøråskaret_300x

Fjell, altså! Det saknar eg. Fottur til Bjøråskaret med far, 2006.

Kor ofte er du innom todalen.no?
Kvar ænaste dag! Sidan eg drikk kaffe av todalen.no-koppen kvar dag, er det lett å bli påmint å gå innom. Som journalist er eg ekstremt imponert over nettstaden. Det krev utruleg mykje å halde det trykket oppe over tid, som de gjer. Todalen.no gjer eksiltilværet som todaling lettare. Derfor vil eg gjerne nytte høvet til å sende ein stor verbal bukett med kvitsemmer til redaksjonen!

Pål Ivar Øyen kommer med neste blogg.

Først publisert: 27. april 2016, 06:00 - Sist oppdatert: 26. april 2016, 22:29