Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fra Todalen til Bjølsen i Oslo

Mari B. Redalen Lørdag 26. november 2016

Hvem er du?
Namnet mitt er Brynjar Ansnes Moe, og er født på Orkdal Sjukehus ein vakker maidag i 1978.
Oppvaksen på Kvernhaugen i Øyagrenda, saman med storebror Torkjel, mor Ragnhild og far John.

I dag bur eg på Bjølsen i Oslo, er gift med Margrethe og har to born; Oda på fire år og Markus som er to år.

I oppveksten var vi ein fin liten gjeng som bruka mykje tid saman. Ofte gjekk turen til Ola på Elvagard eller over til feil side av elva, til Eirik på Husby. Aktivitetar som kreåfesking, spretthopping, presisjonsskyting med sprettert, utforsking av (tynn) elvais, «floijnderpiking» etc. var kvardagen vår. Eg hugsar også at mor prøvde å få oss til å leike med papirdukker, men det var ikkje så stas…

brynjar17

Bror og eg på setra. (Mor og far tok ikkje sjansen på at eg skulle miste strømpebuksa, så dei tjora ho godt fast oppunder armholene…) Foto: Brynjar A.Moe

brynjar21

Ola og eg ved Nedre Gammelseterløå, tidleg på åttitalet. Foto: Brynjar A.Moe

Etterkvart vart det også meir organiserte aktivitetar der eg var aktiv i korpset, skiskyting, 4H, fotball ++. Eg trur faktisk eg spela den siste sesongen det var A-lag i regi av Todalen Idrottslag, sesongen 1995. Når det gjeld skisytinga var eg (og dei fleste andre som var med) mest interessert i skyting, og ikkje så interessert i skigåing. Resultata i konkurransar bar nok litt preg av dette, der eg ofte hevda meg på bra på standplass, men låg ca. 10 minutt etter dei beste i sporet (på 5 km distanse).
Dessutan var det Odd Harald som var den store stjerna i det nokså lille skiskyttarmiljøet. Til alt overmål konkurrerte han jamsides med størrelsar som for eksempel Ole Einar Bjørndalen.

brynjar25

Brura blei lura på 4H-karneval! Tidleg eksepel på tvangsekteskap. Brura er for øvrig søskenbarn Ragnhild Maria. Foto: Brynjar A.Moe

Vi var som sagt ein fin gjeng inne i dalen vår, og trong ikkje så mykje impulsar utanfrå.
Da eg vaks opp var det ikkje fotballcupar annakvar helg og kino i Kulturhuset der vi mingla med folk
frå omkringliggjande dalføre.
Likevel kom det til eit punkt der vi måtte stikke haue ut, og eg minnest fortsatt med skrekk dagen da vi begynte på ungdomsskulen i Surnadal.

I skuleferiar i ungdomsåra jobba eg mykje som dreng både hos søskenbarn Ståle og hos Jon i Ramsøya. Dette var eit fint og lærerikt arbeid, og eg ser fortsatt på meg sjølv som eit multitalent innen gardsdrift. Blant anna er eg ein kløppar på å gjelle (litt for store) smågrisar.

Etter fem år på ungdomsskulen og videregående gjekk vegen vidare til Setermoen og førstegangsteneste i Oppklaringsbataljonen. Eit lærerikt år på mange måter, kor vi blant anna budde over 90 døgn ute i telt, snøhule eller anna krypinn.

Etter dette hamna eg i Trondheim der eg gjekk eit år på NTNU og tre år på BI.

image007

Tre gode vener på kanotur i Femundsmarka. F.v. Ola, Brynjar og Eirik. Foto: Brynjar A.Moe

Hva gjør du til daglig?
Under studietida i Trondheim jobba eg deltid på Skeidar med salg av møblar. Dette blei på ein måte min bane, og eg har aldri kome meg ut av salgsyrket etter dette.
Etter endt studietid hadde eg eit kort eventyr med salg av flyplassreklame, før eg hamna i Oslo med jobb i salgs- og markedsavdelinga i daverende Se og Hør Forlaget (nå Aller Media). Her jobba eg med mange magasintitlar, men fekk fort hovedansvaret for alt salg av ”mannemagasinene”. Dette innebar blant anna magasinet «JEGER hund & våpen» som gjorde at eg i mange år fekk kombinert interessa for jakt og friluftsliv med jobben min. Dette bringa meg på mange minnerike jaktturer til inn- og utland. Fortsatt ser eg på meg sjølv som ein over middels interessert jeger, sjølv om jaktutfoldelsen er noe meir begrensa enn i ”glansdagane”.

image008

På jakt etter fjellsebra i Namibia. Foto: Brynjar A.Moe

image010

På jakt etter fjellsebra i Namibia.

 

Etter mange år i mediebransjen fekk eg i 2009 ein telefon frå Terje T. som lurte på om eg ville begynne i Talgø. Takka ja til dette, og har vore der sidan. Eg har vore inn- og ut av ulike roller og selskap, men status p.t. er at eg er salgssjef for MøreTre. Kort fortalt går jobben min ut på og følgje opp eit fantastisk team med fem selgarer, og å vere førstekontakt mot ulike byggevarekjeder, entreprenører, arkitekter etc.
Talgø har eit lite distriktskontor på Frysja i Oslo, kor eg har hovedbase i kvardagen.

image019

Talgø sitt salgsteam klare for messe. F.v. Brynjar, Roger Luneborg, Bjørn B. Redalen, Frode Kvist, Jon Hasselgård, Frank Hoff og Bjørn H. Hauglann. Foto: Brynjar A.Moe

Beskriv hvordan en vanlig dag ser for deg.

Dagen min startar mellom 6 og 7 ein gong. Da ordnar vi frukost og smør matpakkar, før vi tek turen til barnehagen. Margrethe er dagleg ledar på ein av sju sjukehusbarnehager på Ullevål og Oda og Markus går på ein barnehage som ligg vegg i vegg med denne. Jobbkvardagen er variert både med kontorjobbing, kunde- og leverandørmøter, forhandlingar, befaringar etc. Det blir ikkje tid til all verda på ettermiddagane, men eg prøver å spele litt fotball der alt anna enn tenningsnivået er lågt…
Apropos fotball, så prøver eg å følgje mitt kjære Lillestrøm i tjukt og tunnt. Dessverre har det vore mest tunnt dei siste sesongane. Har ikkje hatt årskort på Åråsen på nokre år no, men vurderer sterkt eit «comeback» neste sesong.

image020

Fyrverkeri over Åråsen etter seier 1-0 mot kjøpelaget frå Molde. LSK er klare for sin 43. strake sesong i Eliteserien. Foto: Brynjar A.Moe

 

Hvor ofte er du hjemme i Todalen, og hva viser du først frem til folk du har med til bygda?

Eg er så heldig at eg er i Todalen ganske ofte med jobben. Når vi har med besøk til Talgø fungerer vi nesten som ein reiseguide gjennom bygda. Vi fortel om Trollheimen, den reine lufta, historia om raset, HalsOil og Terje N. sine krumspring, historia om Talgø, alle hjortane eg har skote i liene og mykje meir. Vi endar alltid opp på Gammelfabrikken, og her fortsett vi gjerne med ein full presentasjon av produkta og konsepta våre. Har vi med oss ekstra gode kunder hender det vi syng Todalssongen (første og siste vers) etter at Jon Olav har servert ein halv elg til middag, og semulegrynsgraut til dessert. Viss vi har med større grupper prøver eg alltid å få tid til å stikke innom Kårvatn Fjellutstyr med dei. Det er alltid ein suksess!

På privaten er vi stort sett heime ein tur i feriane. I tillegg er eg no med å leiger storviltjakta på Kårvatn saman med fem meir eller mindre kompetente jegerar, så det blir ein tur eller to dit også gjennom hausten. Sist vi var heime no var for å feire bestemor sin 90 års dag.

image021

Jaktsjef Halle kommuniserer med sine undersotter. Bilde er teke på Kvennhjulskarshugen i Gammelseterdalen. Foto: Brynjar A.Moe

image022

Frå ei vellukka elgjakta i Bindalen. F.v Hallvar (skyttar), Erling (dragar), Ivar (slaktar) og Lars Gunnar (lege). Foto: Brynjar A.Moe

 

Hvordan holder dialekten din seg som utflytta todaling?

Her spørs det nok kven du spør. Mor vil nok seie at eg gjer meg til og «prater pent», mens vener som ikkje kjem frå Todalen, meiner eg snakkar uforståeleg. Dette blir nok ytterlegare forverra dersom det er to eller fleire todalingar samla, da dreg vi til med nokre skikkelege dialektiske snurrepiperier som vi omtrent ikkje skjøner betydninga av sjølv ein gong.

Hvordan vil du sammenligne Todalen med stedet du bor nå? Noen store savn?

Oslo er jo litt større enn Todalen. I bygården vi bor i bur det meir folk enn i heile Todalen.
Todalsnaturen er det største saknet i kvardagen. Det er for så vidt flott natur i Oslo også, med både marka og fjorden, men dette rekk ikkje Todalsfjorden og fjella på sørsida til «åklakulane».

Hvor ofte er du innom Todalen.no?

Dagleg!

Publisert: 26. november 2016, 13:30