Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fotpleie for god trivsel

Jon Olav Ørsal Måndag 27. februar 2017

Trond Løfaldli har fulltids jobb med å stelle føtter.  Han driv firmaet Trollheimen Klauvservice, og da er det som det ligg i namnet at det er klauvstell han driv med. Han har ein klauvboks som er tilpassa klauvstell på storfe, og her går det fort å stelle klauvene på ei ku.

Med ny datastyrt klauvboks går arbeidet fort unna. Foto: Jon Olav Ørsal

-Det er lik ens med kyrne som med folk, at skal du yte maksimalt så lyt du ha godt stell, seier Trond Løfaldli, som har distrikt frå Molde i sør til Snillfjord i nord.  I fjor stelte han fotane på heile 7300 kyr – tilsaman meste 30.000 fotar.  Han trafikerer rundt med sin skjærebås heile året, men det kan variere kor ofte dei må han behandling – frå 1 til 3 gong i året.

Klauvene blir retta opp og pussa med vinkelsslipar. Foto: Jon Olav Ørsal

Da vi trefte Løfaldli var han hos Ola Kvendset i Viastua, men han har vært rundt heile bygda og stellt med alle mjølkekyrne den siste veka. Nytt det siste året er at Løfaldli no rapporterer direkte inn på helsekortet til krøttera. – Så når bøndene skal velge okse ved neste inseminering så finn dei opplysningar om føttene til kyrne der, og kan ta hensyn til det når dei vel okse.

denne dagen var det oppdrag hos ola Kvendset i Viastua – frå venstre Trond Løfaldli, Gudmund Kvendset og Ola Kvendset. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 27. februar 2017, 13:03