Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fotballsesongen 2011 i rute

Fotballsesongen 2011 i rute

Elinor Bolme Fredag 21. januar 2011

Fra fotballgruppa i Søya/Todalen har vi fått ei melding om at dei aller fleste Søya/Todalen-laga så langt er i rute med trenarar og lagledarar. Dei eldste har allereie starta med treningar i Surnadal Idrettshall. Når våren nærmar seg, vil og dei yngre og få dette tilbodet.

Når sesongen kjem i gang vil treningar og kampar fordelast mellom Søyabanen og Bordholmen, forhaldsmessig etter kvar spelarane kjem i frå innafor det enkelte lag.

Slik det ser ut per i dag ligg det an til en sesong med rekordstort antal spelarar og lag i Søya/Todalen.

Publisert: 21. januar 2011, 09:41