Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fotballheltane på Bordholmen

Fotballheltane på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Sundag 1. juli 2012

I samarbeid med Todalsdagen 2012 og arrangører Todalen Idrettslag har vi laga eit bildegalleri med lagbilder frå fotballturneringa. Vi er imponert over innsatsen til dei mange laga og det var artig å sjå korleis ongane kosa seg med fotball og anna leik gjennom ein lang dag på Bordholmen. Ein blir ikkje mindre imponert når ein ser at dei også brukar pausen mellom kampane til å sparke fotball. Det må kunne kallast ein dag med non stop fotball!

Fotograferinga av laga føregikk i full fart i samband med lagvis overrekkjing av deltakarpremien, men enkelt lag måtte reise før premieutdeling og enkelte lag var ikkje lenger fulltallige når dette skjedde. Men vi har iallfall laga eit galleri av dei som møtte til fotografering, som vi her legg ut nedafor. Takk for innsatsen til dykk alle!

Bildegalleri med bilde av 23 av fotballaga som deltok på Todalsdagen 2012.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. juli 2012, 12:00