Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fotball-VM    –    tipperesultatet

Fotball-VM – tipperesultatet

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. juli 2010

Endelig er juryen klar med tipperesultata frå VM-tippinga vi arrangerte før Fotball-VM 2010. Det var 15 deltakarar i tippinga, og alle vart nok overrumpla av Spania som overraskande gikk til topps i Sør-Afrika. Det var ingen som hadde tippa at Spania skulle gåt til topps. Ein av tipparane hadde Nederland på andreplass, medan to hadde tippa tyskland på 3.-plass. 

Det var 15 tipparar som deltok og det vil seie at det vart totalt kr 3000 i premiepotta. Halvparten av summen går til premiar, og andre halvparten til drifta i Todalen.no. Tildeling av poeng foregikk på følgjande måte: 3 poeng for rett gullvinnar, 2-poeng for rett sølvvinnar og 2 poeng for rett bronsevinnar.

Dermed vart det 3 deltakarar som fikk 2 poeng og får dele premien på kr 1.500. Det vart: Jo Gjeldnes (Nederland på andre), Kristen Ørsal (Tyskland på tredje) og Ole Petter Talgø (Tyskland på tredje). Dei får dermed kr 500 kvar i premie. Tippegeneral Terje Nordvik vil foreta den høytidelege utdelinga av premiane.

Todalen.no takkar for deltakinga, og takkar så mykje for driftstilskottet på kr 1.500.

Publisert: 22. juli 2010, 18:32