Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fotball og lagseriestemne

Fotball og lagseriestemne

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. august 2011

Onsdag kveld glimta det til med ein fin sommarkveld,  med fønvind og god temperatur. Det var ein fryd å gå rundt på Bordholmen og sjå på aktiviteten som foregikk der. Søya/Todalen G-12 hadde fått gjestar frå Halsa og spela kamp, som rett nok vart ei målfest for gjestane som vann 7-3. Ski- og friidrettsgruppa arrangerte samtidig lagseriestemne, og der var det dei yngste som hadde største aktivitetsnivået, sjølv om det også var innlagt idrettsmerkeprøve for den som ville.

Her var det både hopp, løp og kast i fleire variasjonar, og vi har prøva å fanga inn noko av aktiviteten i bildegalleriet nedafor.

Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. august 2011, 22:00