Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Førstebestigning av Neådalssnota, og litt til…

Jon Olav Ørsal Fredag 19. september 2014

Å klatre Snotå (Neådalssnota) var ein draum som vart planta i seint i tenåra for min del, seier Gudmund Kårvatn. – Snotå var sjølve dronninga av fjella her, og ein særdeles vakker topp som så ofte låg der å ruva i bakgrunnen, for seg sjølv. Fleire ruter til topps var vurderte, men eggen mot nordaust skilde seg ut. Lang, passe eksponert og leda til topps. Ingen hadde til no klatra Neådalssnota.  Denne veka bar de i veg, saman med klatrekompisen Lars Inge Harang. Her fortel Gudmund om turen….

Prosjektet vart børsta støv av da det viste seg at Lars Inge Harang også hadde gått å tenkt på same ruta. Til slutt vart det nok snakk, og vi fann dagar det kunne passa, sala opp og drog i veg. Klatringa her skil seg ut med at det er ein relativt lang anmarsj inn til fjellet. Vi satsa på lettast mogeleg, ofte kalla ein alpin stil, med berre det mest nødvendige i og med at vi også skulle klatra med alt på turen.

IMG_1333

Utsikt vestover. Indre og ytre Neådalsvatna til v. Naustådalsvatnet til h. Vesteggen opp til Snota i framkant. Foto: Gudmund Kårvatn

Måndag kveld gjekk vi heilt inn til foten av Neådalsnota, og eggen vi skulle klatre. Eit overveldande syn møtte oss, av eit mektig fjell. Med god kribling la vi oss ned i dei gode dunposane, og prøvde å konsentrere oss om den uendelege stjernehimmelen. Tysdag morgon var vi i gang i åttetida. No skulle det skje. Sidan ingen før har klatra her så visste vi ikkje kva som venta, og vi måtte planlegga så godt vi kunne utifrå det vi såg nedanfrå. Uansett, det var å følge eggen som var målet.

Klatringa i var fin, og ikkje minst variert, noko bileta viser. Heilt spesielt å klatra på eit slikt jomfrueleg fjell, der ingen før har satt sin fot. Vi følte oss priviligerte. Klokka fire kunne vi endeleg støa oss mot varden på toppen. Godt var det da å fylle opp med heimbakakak, i vindstille og sommartempratur. Utruleg, midt i september. Turen heimatt gjekk via Neådalen. Klatreteknisk vart ikkje dette noko gjennobrot, men i glede og oppleving så var det stort.

Dei to har mange fine bilder frå klatreturen til Neådalssnota.    Foto. Gudmund Kårvatn og Lars Inge Harang

Publisert: 19. september 2014, 09:50