Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Første, men ikkje siste kaffekopp på klåppa

Elinor Bolme Måndag 9. september 2019

Noko som starta som eit sosialt forslag på Todalen Grendalag si facebookside resulterte i går i 20 deltakere på den første «Klåppkaffekåppen» i bygda. Da var nemleg den første samlinga på kloppa med Maria Hagerupsen Halle på Bakkå. Tiltaket er meint som eit lågterskel sosialieringstiltak for alle bygdas innbyggarar som likar å nyte en kopp kaffe og skravle, og det er tenkt at ein skal bytte på å være «vertsklopp».

-Dette har vore ein utrolig hyggelig føremiddag og eg gler meg til å sjå kor vi skal treffast neste gong, seier Maria

Dermed går no stafettpinnen vidare til den neste kloppeigaren som melder seg. Om du vil være neste vertsklopp så legg igjen ei direktemelding hos Todalen Grendalag på Facebook, eller ta kontakt med Maria.
Først publisert: 9. september 2019, 03:29 - Sist oppdatert: 8. september 2019, 21:53