Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forsiktig og gradvis reopning av samfunnet

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. april 2020

14 04 2020 Statusrapport frå kriseleiinga.  Det er ikkje påvist nye smittetilfelle i Surnadal kommune.
Mange barn er no spente og glade for å kunne komme i barnehagen og på skulen sin igjen. Kommunalsjef i oppvekst, Astrid Mogstad Høivik, fortel om omfattande planlegging og logistikk for å få dette til på ein god og trygg måte i heile kommunen. Torsdag 16. april kjem det ut ein nasjonal veiledar som skal bidra til å kvalitetssikre både konkrete smitteverntiltak og opplæring under den gradvise reopninga.

Astrid Mogstad Høivik seier organiseringa av barnehage- og skuletilbodet vil bli konkretisert med utgangspunkt i denne viktige veiledaren. Lokalpressa vil om kort tid få invitasjon til ein pressebrief med kommuneleiinga førstkommande fredag.
Parallelt med den gradvise reopninga av barnehagar og skule, vil det pågå ei gradvis reopning av delar av næringslivet. I Surnadal kommune har vi eit godt utgangspunkt for ei forsiktig og gradvis reopning av samfunnet. Vi har per i dag berre 2 påviste smittetilfelle i kommunen. Dette utgangspunktet har alle barn og vaksne i kommunen vore med på å bygge opp ved å kvar dag følge smittevernreglane i solidaritet med fellesskapen.

Det er ikkje farleg å sende friske ungar til barnehage og skule i Surnadal no.
Det som kan vere farleg er vaksne som no kanskje ikkje tek alle smitteverntiltak like alvorleg i trua på at dette no snart går over. Slakkar vi på gjeldande avstandsreglar og hygienetiltak no, vil gleda kunne bli kortvarig. Skal vi greie å halde hjula i næringslivet i gang og samstundes gi ungane våre litt av kvardagen sin attende, må solidariteten fortsette med uforminska styrke.

Publisert: 14. april 2020, 16:04