Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Førjulstreff med brannvern

Førjulstreff med brannvern

Elinor Bolme Torsdag 28. november 2013

Søndag 1. desember arrangerer Todalen Sanitetsforening førjulskaffe i Sanitetshuset. Der blir det denne gongen eit litt annleis arrangement, sidan det er røykvarslarens dag denne dagen, noko Omsorgsberedskapsgruppa i saniteten ønsker å markere. Derfor kjem utrykningsleiarane i Todalen Brannkorps til Sanitetshuset for å demonstrer sløkking av brann kl 14. Dette vil naturlegvis foregå ute, og med anledning for absolutt ALLE til å delta på.

Derfor oppfordrar både saniteten og branvesenet til å komme og delta på øvelsen. Enten om det er lenge sidan ein har delteke på liknande opplegg, eller kanskje ein aldri prøvd å sløkkje ein liten brann. Med slik erfaring kan det vere det lille ekstra som gjer at ein kan avverge eit uhell neste gong.

Etterpå blir det nissegraut for den som vil inne i Sanitetshuset med kaffe og utlodning etterpå. Det vil også bli trekjing av «Årsbildet» som saniteten har hatt utloding på samme ettermiddag, og ikkje minst; utdeling av barnets lykkeskilling til alle nyfødte todalingar i 2013.

Sjå heile plakaten her: Førjulstreff 2013a

Publisert: 28. november 2013, 19:00