Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Førjulsprogram med innslag frå Todalen

Jon Olav Ørsal Fredag 29. november 2013

Eirik Haukenes, som er videojournalist i NRK, var fleire dagar i Todalen for å lage stoff rundt hendingane dei første dagane etter raset i sommar da bygda var isolert frå omverda. Denne veka har han eit par dagar treft att mange av dei han interju den gongen, for å høyre korleis livet har arta seg i tida etterpå.  Resultatet av opptaka får vi sjå som eit av innslaga i eit program som blir vist før jul, muligens fredag 20. desember.

Haukenes bruka Kaffekroken som base for opptaka.

Haukenes bruka Kaffekroken som base for opptaka.

Fredag var han i Austistua for å lage intervju med Lisbet Halle (98).  Medan bygda var isolert og utan veg var ho på avlastning på sjukeheimen i Surnadal, og vart den gongen intervjua av Haukenes da ho var med første turen til skyssbåten for å dra til Surnadal. No fekk dei eit hyggeleg gjensyn og hadde ein lang samtale om ting som har hendt etterpå.

Vi var innom Austistua ein snartur for å knipse eit bilde av dei to, og bildet viser Lisbet som viser fram eit bilete  frå første befaringa som vart gjort i høve Rambjørsvegen. Og Haukenes fikk historia om starten på det som seinare vart til Todalsfjordprosjektet og Trollheimstunnellen. Dette var så tidleg som på 1950-talet, og mannen Olav Halle var da med på befaringa som ordførar i gamle Stangvik kommune.

Etterpå var det kaffelag. Frå venstre Lisbet Halle, Eirik Haukenes, Trygve halle, Olav Halle og Åshild Halle.  Foto: Jon Olav Ørsal

Etterpå var det kaffelag. Frå venstre Lisbet Halle, Eirik Haukenes, Trygve halle, Olav Halle og Åshild Halle. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi kjem att med meir info om når programmet og dato/sendetid seinare.

Publisert: 29. november 2013, 17:14