Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Førjulskveld på Åsen bygdemuseum – foredrag om gamle julehefte

Jon Olav Ørsal Måndag 26. november 2018

Onsdag 5. desember kl 19 vil Tom Brenne halde foredrag om gamle julehefter, ikkje om teikneseriar som Vangsgutane, men om dei litterære julehefta med forteljingar i. Dei er det kanskje kome ut rundt 20 000 av frå 1880 til i dag, og Tom Brenne vil mellom anna trekkje fram nokre som har kome ut i vårt fylke. Han vil også trekkje fram nokre kunstnarar og forfattarar frå vårt fylke som har hatt bidrag i dei landsdekkjande julehefta.

Tom Brenne har skrive boka «Norske julehefter. De litterære juleheftene fra 1880 til i dag» som kom ut på Messel Forlag i 2009, og han vil ta med seg nokre eksemplar som det vil vere muleg å få kjøpt etter foredraget.

Det er begrensa antal billettar, kjøp gjerne billett på førehand på kulturhuset og på nettsida til kulturhuset: https://www.surnadal-kulturhus.no/ – Det blir også billettsal i døra. Sal av kaffe og noko å bite i. Velkomen til ein stemningsfull førjulskveld på Åsen bygdemuseum!

Arrangør er Nordmøre museum, med god hjelp av frivillige krefter.

Publisert: 26. november 2018, 16:26