Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I dag: Førjulskaffe

Elinor Bolme Laurdag 13. desember 2014

Førstkommande laurdag inviterer fleire lag og organisasjonar i bygda til triveleg adventskaffe. Fleire har sikker registrert at ein har fått invitasjon i posten sist veke. Her er det 4H, FAU, PT-utvalget, Idrettslaget, Bondelaget og Saniteten som har gått i lag for å arrangere ei triveleg førjulsstund i Todalen Ungdomshus.

Det er ikkje lagt opp til eit langt program, for det er det sosiale og det å kanskje bli kjent med «nye» sambygdingar som er det viktigaste. Sidan det også er luciadagen denne dagen blir det naturlegvis både luciatog av barnehage og skulebarna, og servering av lussekatter. Men det blir også anledning til å smake kaffebrød frå andre nasjonar.

Sjå heile plakaten her: Førjulskaffe

Publisert: 13. desember 2014, 06:48