Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

For tidleg for julebaksten enno, men…

Jon Olav Ørsal Sundag 22. oktober 2017

Ragnhild og John Moe hadde laurdag fyrt opp bakerovnen dei har ståande ute i tunet på Kvernhaugen.  Ovnen var fyrt opp med bjørkeved, og det var over 300 grader i varmemagasinet.  Etter at aske og rusk var sopa ut, var det klart for å sette i gang og steke. Og når du først har fått opp varmen, så heldt den ei god stund og leverte 70-80 grander enno etter eit døgn.

Første smelta var bollar og skulebollar som var forholdsvis fort unnagjort, og John konkluderte med at undervarmen var i sterkaste laget.  Dette førte til at dei første bollane vart litt brent, og spesielt under.  men det var ikkje verre enn at de god kunne etes og var gode på både smakl og konsistens. Litt vatn på ein langkost gjord susen for å kjøle ned undervarmen litt, og dermed var det klart for ny runde.

På andre runde var det pizza som stod på programmet. Også den var fort unnagjort, og steiketida var rund 8-9 minutt før pizzaen var gylden på kantane og osten smelta – den både dufta godt og såg delikat ut.

Her blir det deig til storbrød – Ragnhild A. Moe lagar deig, medan Åse V. Redalen følgjer med på arbeidet. Foto: Jon Olav Ørsal

Inne på kjøkkenet var det deig til storbrød under produksjon, og snart dufta det nok nystekte grovbrød i heile nabolaget i Øyagrenda. John fortale at siste rest av varmen skulle brukast til å langsteke kjøtt over natta. Det blir veldig saftig og godt, og det vil nok være klart utpå føremiddagen på søndag, dersom alt går etter plana.

Først publisert: 22. oktober 2017, 07:00 - Sist oppdatert: 21. oktober 2017, 20:47